Prosjekt og oppdrag

Tema:

Unnfanginga

Tema:

Modninga

Tema:

Erkjenninga

Ein prosess - haust 2015


Medan faglæraren Giuseppe Miconi var oppteken med å måle eit gigantisk veggmåleri på skulebygget Sygna, vart Elisabeth Tonheim hanka inn i 2,5 veker for å gje studentane i 1.-3.trinn på formgjevingslina ei utfordring. Ho fylte bilen med skrot og sette kursen for Balestrand.


Kvar klasse fekk sitt tema og jobbe med, og til saman skulle dette ende opp i visualisering av ein prosess. Her vart det mykje stubulering, refleksjon og konkretisering, før dei angreip skrotet og sette saman kvart sitt verk. Resultatet blei ei reflektert utstilling med gode poeng og betraktningar, samt ein flokk stolte studentar som har hatt opp til fleire aha-opplevingar undervegs i arbeidet.


Utstillinga "Ein prosess" kan sjåast i korridoren i 1.etg på skulebygget på Sygna i Balestrand.




Rustne juvelar

Kunstprosjekt  i Balestrand vinter og vår 2013 i samarbeid med Balestrand Kunstlag


Innsamling av skrot frå innbuarane i Balestrand kommune for deretter å bruke skrotet som utgangspunkt i nye kunstverk. Andre medverkande kunstnarar: Turid Grov  Glaskunst, Solveig Haukås Emaljekunst og Giuseppe Miconi Måleri.


Sjå meir om prosjektet her

Utsmykking Sansetunet


Nytt grindbygg på Kårbø i Meland kommune som skal nyttast som blant anna selskapslokale.

Oppdraget var å utsmykke bygget innvendig med i hovudsak gamle ting frå garden der grindbygget ligg.

Dekorering til konfirmasjon


Dekorering av bord og lokaler ved konfirmasjon til jente.


Dekorering konferanser


Ved dekorering av konferansebord og lokale lagar unike små installasjonar til bordene og tematisk dekor av scener eller serveringsbord. Bildene viser eit lite utval.

Scenedekor
Høy stemning
Høveleg bra
Fortid med framtid
Privat sfære
Livsgnist
Vidunderlege drit
Skatten min
Søndag


Meir info om Lindåsbygda: www.lindasbygda.no