Oppleving


Sjøparken i Lindåosane


Ei kunstutstilling på holmar, skjær, nes og bergveggar i sjøområdet innom Lindås sjøsluser. Utstillinga vart opne i 2014 med seks ulike verk, og supplerast med eitt nytt verk kvart år framover. Utstillinga er permanent og skal opplevast frå båt.


I 2014 har følgjande kunstnarar levert verk til sjøparken: Solveig Haukaas - emaljekunst, Giuseppe Miconi - måleri, Bente Brekke Kampevold - måleri, Turid Grov - glaskunst, Elisabeth Tonheim - skrotkunst.


Utstillingsguide (hefte) er tilgjengeleg hos Lindås Brygge, Galleri Gamle Tinghuset, Westland Hotel, Spjeldnes Gard og Vågseidestranda Feriesenter. Dette inneheld blant anna infomasjon om verka og kart over stadene dei er plasserte, samt informasjon om slusene. Pris kr 30,-




Det var ein gong...


Besøk og formidling av lokalhistorie i det gamle Tinghuset og den gamle doktorbustaden Rosenlund. Meir informasjon her.






Utstilling Galleri Gamle Tinghuset


Aktuell utstilling og opningstider finn de her. Ver merksam på at opningstidene er svært fleksible utanom dei faste tidene. Ta kontakt på mob 9060 0806.







Julegate på Nedre Lindås og Spjeldnes


Første helga i advent kvart år arrangerer vi ei annaleis julegate her i den gamle bebyggelsen. Ønskjet vårt er å gje dei besøkjande ei berikande oppleving.

Meir informasjon her.



Meir info om Lindåsbygda: www.lindasbygda.no

Vegen til pensjonatet
Galleri Gamle Tinghuset
Julekrybba utandørs