Det var ein gong ...




Det var ein gong ...



Lindås er ein gamal stad med mykje historie. På Nedre Lindås finn vi mange av husa som hadde dei viktige funksjonane i bygda og som utgjorde det vi kan kalle sentrum. To av desse husa er det gamle Tinghuset og den gamle doktorbustaden.



Vi besøkjer utstillinga i Galleri Gamle Tinghuset og går deretter inn i stova i den gamle doktorbustaden. Her vert det kaffi og ein smakebit av den gamle vestlandsmaten plukkfiskekaker. Vi får høyre dikt av Aslaug Låstad Lygre, som vaks opp i den gamle lensmannsbustaden nokre hus bortom. Historier frå husa vi besøkjer og området her vert formidla undervegs.



Tidsbruk: 1,5 - 2 timar

Målgruppe: Grupper, min 10 pers

Pris: Kr 150,- pr pers

Bestilling: Må bestillast seinast to dagar før. Ta kontakt på mobil 9060 0806 eller mail.


Meir info om Lindåsbygda: www.lindasbygda.no

Den gamle doktorbustaden (foto frå 1903)
Det gamle Tinghuset