Galleriet

Galleri Gamle Tinghuset

 

Heilt originalt! har utstillingslokale i 1.etg i det gamle Tinghuset på Lindås. Huset er frå 1883, og har husa skular, kommuneadministrasjon, bibliotek og mykje anna opp gjennom åra. Ved større arrangement nyttast alle dei tre etasjane i det flotte huset til ulike utstillingar. Vi ønskjer at også andre lokale kunstnarar skal nytte galleriet til å vise fram kunsten sin.

Galleri Gamle Tinghuset
Toalett i 1.etg med restane av det gamle biblioteket
Galleriet i 1.etg
2.etg
Loftet, tidlegare sløydsalen

Stabburet

 

Eigedomen Rosenlund ligg rett over vegen for det gamle Tinghuset. I gamle dagar var dette doktorbustaden for distriktslegen. I det raude stabburet på eigedomen finn de verkstaden til Heilt originalt!

 

Ønskjer de ein titt i galleriet utanom opningstider, er det råd å henvende seg i det kvite bustadhuset på eigedomen Rosenlund. Eventuelt ta kontakt på mobil 90600806.

 

Meir info om Lindåsbygda: www.lindasbygda.no

Stabburet til venstre, tinghuset til høgre i bildet